Høyring barnehage- og skulebruksplan

Me legg no fram forslag til ny barnehage- og skulebruksplan for høyring. Planen er eit resultat av grundige vurderingar og omfattande medverknad, og inneheld forslag til endringar som vil påverka kvardagen til mange familiar i kommunen. Me veit at dette rører ved både engasjement og kjensler, og me ønskjer difor ei open og inkluderande høyringsprosess.

  • Kort fortalt

    Saka barnehage- og skulebruksplan er på høyring frå 1. juli - 12. september. 

    Kven kan gi innspel?

    Me ønskjer at alle som har meiningar, spørsmål eller innspel til forslaget, deltek i høyringa. 

    Me treng dine perspektiv for å ta gode avgjerder for framtida til barna våre.

     

    Gje dine innspel her. 

  • Kvifor ny plan?

    Frå 2025 til 2035 er det venta ein nedgang på over 100 barn i alderen 0–16 år i Suldal. Dette krev at me organiserer barnehage- og skuletilbodet på ein måte som sikrar kvalitet, likeverd og berekraft – både fagleg og økonomisk.


    Planen byggjer på:

    • Vedteke mandat frå kommunestyret
    • Analyse av demografisk utvikling
    • Rapportar frå Norconsult og KS Konsulent
    • Medverknad frå innbyggjarar, tilsette, føresette og barn

Hovudforslag i planen

  • Endringar frå barnehage- og skuleåret 2026/27:


    Vinjar oppvekstsenter:

    • Vinjar barnehage og Vinjar skule blir slått saman
    • Nesflaten skule blir lagt ned frå 01.08.26, elevar overførast til Vinjar oppvekstsenter
    • Vinjar barnehage avd. Nesflaten blir lagt ned frå 01.08.26
    • Kommunen vil rettleia om mogleg familiebarnehage på Nesflaten


    Jelsa og Erfjord:

    • Jelsa oppvekstsenter sin skuledel blir lagt ned frå 01.08.26, elevar overførast til Erfjord skule
    • SFO-tilbod for Jelsa-elevar blir gitt i Stølane barnehage avd. Jelsa
    • Barnehagedelen på Jelsa blir vidareført som avdeling under Stølane barnehage


    Stølane oppvekstsenter:

    • Stølane barnehage og Erfjord skule blir slått saman til Stølane oppvekstsenter i 2029


    Ropeidhalvøya – vidare utgreiing våren 2026:

    • Gjeld framtidig barnehage- og skuletilbod
    • Dagens barnehage i leigde, lite eigna lokale
    • Marvik skule har store tekniske og plasseringstekniske utfordringar
    • Utgreiinga skal vektlegge kvalitet, bemanning, læringsmiljø, ressursutnytting og barns beste

     

    Planlagde forprosjekt og prosjekteringar:
     

    2026:

    1. Stølane oppvekstsenter
    2. Påbygg Sand barnehage Joagarden


    2027:

    1. Oppgradering Stølane barnehage, avd. Jelsa
    2. Endra behov ved Sand skule
    3. Endra behov ved Vinjar oppvekstsenter

     

    Andre punkt:

    1. Barnehagar med under 10 plassar i meir enn eitt år blir lagt ned. Rettleiiing om familiebarnehage blir gitt
    2. Full pedagogdekning skal etterstrebast i alle einingar
    3. Prøveordning med ungdomstrinn frå Nesflaten på Sand skule blir permanent frå 01.01.26
    4. Ny ungdomsskule på Sand blir ikkje utgreidd vidare – eksisterande bygg skal utbetrast
    5. Eiga sak om sal/etterbruk av bygg og FDVU-kostnader kjem i 2027
       

    Visjon for framtida

    Kommunedirektøren tilrår å satse på færre, men meir robuste og tverrfaglege einingar – oppvekstsentra – for å sikre:

    • Høg kvalitet i tilbodet til barn og elevar
    • God ressursutnytting
    • Sterke fagmiljø

Gje dine innspel her før 12. september

Kontakt

Profilbilde av Svein Carlos Nilsen Gjil
Svein Carlos Nilsen Gjil
Kommunalsjef oppvekst
E-post
Telefon 99 07 88 63
Mobil 99 07 88 63