Heia Suldal og laget JAN!

Onsdag kl. 12.00 brakar det laus med den store Ryfylkequizfinalen – direktesendt frå Finnøy Fleirbrukshall! 

Deltakarar i Ryfylkequiz - Klikk for stort bileteJAN - Sand skule deltar i Ryfylkequizen Ryfylkealliansen

Kloke hovud

Suldal kommune stiller sterkt med laget JAN, som allereie har slått ut alle laga på Sand skule!

Bak bokstavane finn me dei kloke hovuda:

  • Jakob Nessa
  • Amund Hiim Havrevoll
  • Noah Parelius Moe Lindseth

 

No skal dei representera Suldal i finalen mot åttandeklassingar frå heile Ryfylke – og me håpar heile Suldal vil vera med og heia dei fram! 

Dette er ikkje berre ein quiz – det er kunnskap, stoltheit og framtidshåp for Ryfylke!

 

Følg sendinga direkte

Følg sendinga direkte onsdag kl. 12.00 på Ryfylkealliansen.no