Haustferie i Suldal – aktivitetar for barn og unge

Haustferien nærmar seg, og i Suldal er det mykje kjekt å finne på for barn og unge! Her er ei oversikt over aktivitetar og tilbod i veke 41.

Kulturhuset i Suldal

  • Kino:

    Ta turen til Kulturhuset i Suldal og nyt gode filmopplevingar – det er kino kvar dag gjennom heile haustferien!

     

    Bowling

    Bowlingbana held ope heile ferieveka – perfekt for venegjengen eller familien som vil ha det moro saman.

     

    Teater

    Askeladden Friteater kjem til Suldal med ei morosam og hjartevarm framsyning for barn: «Gubben og katten og hanespetaklet»

    Onsdag 8. oktober kl. 12.00 i Kulturhuset

     

    Biblioteket

    Biblioteket på kulturhuset har ope:

    • Måndag–onsdag kl. 10–16
    • Torsdag kl. 10–18
    • Fredag kl. 10–15
    • Laurdag kl. 11–15

     

    Utstilling

    I Allrommet kan du sjå utstillinga «Kvinner for fred», ope i biblioteket sine opningstider.

 

Suldal bad

 

Suldalshallen

  • Open hall med leik og kiosk

    • Måndag og tysdag 6.–7. oktober
    • Kl. 10-14
    • For 1.–10. trinn (1.–3. trinn må ha med vaksen)
    • Gratis tilbod – berre å droppe inn!

     

    E-sport og gamingrom

    • Kickstart av vårt nye gaming-tilbod!
    • Måndag og tysdag 6.–7. oktober
    • Kl. 10-14
    • For 5. trinn og oppover
    • Gratis og ope for alle interesserte


Velkomen til ei aktiv og sosial haustferie i Suldal! Her er noko for alle, anten du vil spele, bade, sjå film, lese eller oppleve teater.