Har di bedrift lyst til å vera synleg på rekrutteringsarrangementet Ryrekrutt 15. april?

Me inviterer næringslivet i kommunen til å bli med på felles stand. Her vil me saman profilere Skattkammeret Suldal som ein attraktiv arbeidsplass og bustadkommune. Dette er ein flott moglegheit til å møta potensielle arbeidstakarar, vise fram bedrifta dykkar og saman styrke rekrutteringa til heile Suldal

Dato og stad: 

Tysdag 15. april på Fiskepiren, Stavanger. Kl 16

Les meir om Ryrekrutt her

 

Informasjon om deltaking

  • Kostnad: Suldal kommune dekker standplassen og standmateriell for Skattkammeret Suldal. Bedrifter som deltek treng ikkje betale for standplass.
  • Eige materiell: Bedrifter kan stille med eigen bekledning og promotering i form av brosjyrar og anna materiell (ikkje roll-ups eller anna som tar golvplass).
  • Reise og lunsj: Dette må bedriftene dekke sjølve.
  • Plass: Bedriftene vil vere ein del av fellesstanden til Skattkammeret Suldal.

 

Påmelding

For å bli med, meld dykk på innan 1. april ved å kontakte Elisabeth Bjørkhaug på e-post. 

 

Kontakt

Elisabeth Bjørkhaug
E-post
Telefon 98 49 43 00
Mobil 98 49 43 00