Hagerømlingar - unngå at hageplantane dine spreier seg i naturen

No er det høgsesong for hagearbeid! Me har lange tradisjonar med å pynta i hagar og parkar med prydplantar som gjerne opprinneleg kjem frå andre delar av verda. Hagearbeid og fargerike plantar er noko som gir mange stor glede. Den gleda skal få fortsetta, men her har me samla litt viktig informasjon om korleis du som hageeigar kan hindra at problematiske plantar spreier seg frå hagen din til naturen.

Hageplantar som blir problemartar

Dei fleste hageplantar eller framande artar gjer liten skade, men nokon av dei kan skapa mykje trøbbel om dei får spreie seg i naturen og veksa fritt.

Du har sannsynlegvis sett vegkantar overgrodd av lupinar, ugjennomtrengelege og høge kratt av parkslirekne eller skråningar fullstendig dekt av gyvel? Dette er døme på hageplantar og framande artar som kan gjera stor skade på den lokale naturen vår om dei kjem på avvegar.

Parkslirekne, ei av dei vanskeligaste plantane å bli kvitt viss den har etablert seg på feil stad. Arten står på forbodslista. Foto: Gunvor Skjelstad

Hagevettreglane

Miljødirektoratet har utarbeida fire hagevettreglar som skal hjelpa hageeigarar å unngå spreiing av framande artar. 

1 - Bli kjent med hagen din

Finn ut kva slags plantar du har i hagen din og korleis du kan hindre at dei spreier seg. Sjekk om hageplantane du har står på forbodslista og kor høg risiko dei har blitt vurdert til på fremmedartslista. Du er ikkje plikta til å fjerne desse artane, men forbodne artar skal ikkje flyttast på og spreiast vidare.

2 - Ikkje del planter ukritisk med andre

Sjekk alltid om planta står på forbodslista før du deler stiklingar, avleggjarar og frø med andre hageentusiastar. Deling av slike plantar er forbode. Vær varsam og bruk fornuft om du vurderer å dela plantar som står på fremmedartslista.

3 - Unngå at planter rømmer

Gjer deg kjent med korleis hageplantane dine eventuelt spreier seg. Hugs at plantar kan spreia seg på fleire måtar. Både via frø, nye skot, plantedelar på avvegar og ved flytting av jordmassar. Hald oppsyn med og luk vekk plantane før dei “kryp” ut av hagen din. Viss du har framande artar som spreier seg lett via frø, bør blomar og frø fjernast og hivast i restavfall før frøa blir modne. Dette gjeld til dømes lupinar og kjempespringfrø. Vær alltid varsom med å flytta på jordmassar. Jordmassar som kan innehalda framande artar vurdert til høg risiko, må ikkje flyttast til nye stader. 

4 - Kast hageavfallet ditt riktig!

Feil handtering av hageavfall er ein vanleg årsak til spreiing av framande artar. Hageavfall skal enten komposterast i eigen hage eller leverast på miljøstasjonen. Trillebår eller hengar bort til næraste skogkant er ikkje riktig handtering av hageavfall. Å kaste hageavfall i naturen er forbode etter forureiningslova § 28 og naturmangfaldlova § 30.

Visste du at haugar med hageavfall i naturen også er den perfekte yngleplass for brunsniglar? Det er med andre ord fleire gode grunnar til å handtere hageavfallet sitt skikkeleg!

Hagelupin er eit godt døme på ein hageplante og framand art som har spreidd seg utan kontroll. Arten står på forbodslista. Foto: Gunvor Skjelstad

Meir informasjon

 “Unngå spredning av fremmede arter fra hagen din” - Rettleiar frå Miljødirektoratet 

Fremmedartslista 2023 - Artsdatabanken

Forbodslista - Vedlegg I i Forskrift om fremmede organismer

“Fremmede arter i hagen - dette bør du vite” - Artsdatabanken

Informasjonsbrosjyre om hagerømlingar - Sabima og Avfall Norge

“Miljøvennlig hage uten fremmede arter” - Korleis fjerne skadelege plantar og tips til tryggare hageplantar, Sabima.