Gratulera med tre nominasjonar til Suldal på Gladmatfestivalen

Suldal sin stand på Gladmatfestivalen har fått heile tre nominasjonar i dag. 

Den flotte gjengen frå Suldal er blitt nominert i desse kategoriane;

  • Årets Gladmatstand
  • Årets Gladmatopplevelse
  • Årets lokalmatprodukt

Me heiar på gode representantar frå både Suldal kommune og næringslivet i Suldal, dette blir veldig spanande! Ein byr på både god mat og drikke, og ein set verkeleg Suldal på kartet!

Moglegheitsutviklar Anne Marie Lofthus og rådgjevar Martine Førre med bevis i handa