Gratis sommarleir i Suldal
Suldal frivilligsentral inviterer igjen til gratis sommarleir for elevar i 1.–7. klasse – og me vil gjerne slå eit slag for det som kanskje er det viktigaste av alt: fellesskapet.
Ein sommarleir er ikkje berre leik og aktivitetar – det er ein stad der borna våre får møta nye vener, kjenna på tilhøyrsle og skapa minner saman. Det er her dei ler, lærer og veks – i lag med andre.
Å bli kjend på tvers av skular og bygder styrkjer fellesskapet i heile kommunen. Me håpar mange vil nytta sjansen til å vera med – og til å vera ein del av noko større.
Praktisk informasjon
Korleis melde seg på:
- Gå til «Kalender» på nettsida.
- Finn dei aktivitetane som passar for ditt/dine born
- Meld på direkte under kvar aktivitet
- Du får umiddelbart svar om du har fått plass, eller står på venteliste.
Bekrefting:
Innan 1–2 veker får du ein stadfestande e-post dersom du har fått plass. Er du på venteliste, får du beskjed fortløpande dersom det blir ledig plass.
Har du spørsmål?
Send ein e-post til: hilde.nora.vage@suldal.kommune.no
Publisert 28.05.2025 13.07