Frivilligfest 2026 – bli med!
Kyrkja og Suldal Frivilligsentral inviterer alle som er, har vore eller vurderer å bli frivillige til fest også i 2026!
Me ønskjer å samla frivillige frå heile Suldal til ein hyggeleg kveld der me møtest på tvers av lag, organisasjonar og engasjement og heidrar den fantastiske innsatsen som blir lagt ned for at Suldal skal vere ein god stad å leva og bu.
Torsdag 22. januar kl. 18-21 på Kulturhuset i Suldal.
Velkomen til feiring av frivillig kraft og fellesskap!
Program for kvelden:
- Kommunedirektør Siri Halvorsen ønskjer velkommen
- Foredrag ved Hein Anders Kvalheim
- Songarlaget dele vakre songar
- Og sjølvsagt god tid til drøs, kake og kaffi!
Meld deg på her
Publisert 07.01.2026 10.52