Framande fiskeartarVisste du at det er forbod mot å sleppe ut gullfisk i vatn eller skylje dei ned i do! Kvifor? Fordi det blir rekna som faunakriminalitet å setje ut framande artar i naturen. Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. I Rogaland er dette eit aukande problem. I vår kommune blei det oppdaga abbor i Gjåvatnet i 2024. I Suldalsvatnet er det og fanga abbor, men også ørekyt. Andre stader i fylket er det blant anna funne gullfisk, sørv, gjedde og karpe. Dette er framande artar som trugar det naturlege mangfaldet i vatna våre.Kva kan du gjere?Ikkje slepp ut fisk i naturen – uansett art!!Dersom du ikkje kan ha akvariefiskane dine, kan du:Gi dei bort eller selje deiAvlive dei på ein human måteFilmsnutten er laga av Vassregion Rogaland. Bortsett frå sekvensen av gullfisk (frå Strand), er den filma ved Gjåvatnet i Suldal. Publisert 02.01.2026 12.50