Førebels rekneskap for 2025 - Suldal kommune heimeside

Førebels rekneskap for 2025

Suldal kommune ligg ann til eit godt økonomisk resultat for 2025. Den førebelse rekneskapen syner eit netto driftsresultat på om lag 163,7 millionar kroner, noko som er 86,9 millionar kroner betre enn revidert budsjett. Netto driftsresultat utgjer dermed 19,2 prosent av driftsinntektene, opp frå 16,7 prosent året før.

Meir inntekter enn venta

Det gode resultatet kjem i hovudsak av at kommunen har fått høgare inntekter enn budsjettert, mellom anna gjennom statlege tilskot, rammetilskot, skatt og kraftinntekter. Desse inntektene har samla sett gitt eit positivt løft samanlikna med budsjettet for 2025.

 

Stabile driftsutgifter – men høgare enn planlagt

Dei totale driftsutgiftene er på nær 759 millionar kroner, noko som er 3 millionar lågare enn i 2024, men likevel høgare enn venta i det regulerte budsjettet. Det betyr at drifta er noko dyrare enn planlagt, men likevel under kontroll samanlikna med førre år.

Store investeringar i året som gjekk

Investeringsutgiftene for 2025 er på 236,7 millionar kroner, noko som speglar fleire pågåande prosjekt og satsingar i kommunen.

Samla vurdering

Det førebelse rekneskapsresultatet viser at Suldal kommune står økonomisk sterkt ved inngangen til 2026. Meirinntekter og god styring i drifta gjer at kommunen har eit godt handlingsrom, sjølv om enkelte område har hatt høgare kostnader enn budsjettert.

Kontakt

Profilbilde av Siri Halvorsen
Siri Halvorsen
Kommunedirektør
E-post
Telefon 97 64 51 33
Mobil 97 64 51 33
Profilbilde av Arnfinn Gundersen
Arnfinn Gundersen
Leiar
E-post
Telefon 92 41 03 18
Mobil 92 41 03 18