Fjerde året med sommarleir i Suldal er no blitt gode minner – og for ein sommar det har vore!

Ein kjær tradisjon for Suldal frivilligsentral, fylt med leik, meistring, nye vennskap og aktivitetar på tvers av grendene.

Barn spelar fotball - Klikk for stort bileteSommarleiren 2025 Suldal kommune

Ein stor takk til våre fantastiske samarbeidspartnarar:

  • Three Circuses
  • Suldal IL
  • Suldal Bad
  • Lunde hest og fritidsgård

 

De gjer sommarleiren rik, spanande og uforgløymeleg for borna!

 

Takk til frivillege og deltakarar

Ein ekstra applaus til dei engasjerte ungdommane som har hatt sommarjobb gjennom Frivilligsentralen – de er verkeleg gode førebilete og viktige bidragsytarar!

Og ikkje minst: Takk til alle dei fantastiske borna som møter opp kvar dag med smil, energi og leikelyst.

 

Barn i gymsal - Klikk for stort bileteSommarleiren 2025 Suldal kommune

Me ser fram til jubileumsåret 2026!

Neste år feirar sommarleiren 5-årsjubileum. Har du ei god idé, eller representerer du eit lag, ei foreining eller ei bedrift som vil bidra?

Ta kontakt med Hilde Nora Våge på: hilde.nora.vage@suldal.kommune.no

Kontakt

Hilde Nora Våge
E-post
Telefon 45 87 43 39
Mobil 45 87 43 39