Filmfestival i Suldal – tysdag 3. februar!
På tysdag får Suldal storfint besøk av Den Norske Filmfestivalen! Direktør Tonje Hardersen og Nina Samdal kjem til Suldal for å vere med og lage ein heil dag med filmopplevingar
Program
- Formiddag: Skulefilm for alle elevar
1.–4. trinn: Grevlingene
5.–7. trinn: Honey
Ungdomsskulen: Kevlarsjel - Kveld: Film-undring “Min første kjærlighet”
Kl. 18
Bli med på filmundring
Kulturhuset i Suldal viser filmen «Min første kjærlighet», basert på sanne hendingar.
- Tonje Hardersen held innleiinga.
- Etterpå blir det kaffe og kake, før Judith Litlehamar leier samtale og refleksjon rundt filmens tema.
Om filmen
Når Ella flyttar heimanfrå for å studere, gledar ho seg til eigen hybel – men endar på institusjon. Samstundes møter ho sin første store kjærleik.
Kor mykje skal ho akseptere? Og kva er ho villig til å kjempa for?
Ei sterk, rørande og viktig historie.
Velkommen!
Publisert 30.01.2026 13.27