Er du veteran frå internasjonale operasjonar og oppdrag som bur i Suldal?

Veteranar for internasjonale operasjonar og oppdrag er du varmt velkomne til uformelle samlingar på Suldal Bad kvar måndag kl. 12–13, med oppstart måndag 15. september! Måndag 22.september kan du høyre Suldal bad fortelje om aktivitetane dei har.

Logo - Klikk for stort bileteVeteran logo Veteran

Velkommen måndagar frå kl. 12-13

Her kan du slappe av, treffe andre veteranar, ta ein dukkert i bassenget eller nyte varmen i badstua. Dette er ein sosial møteplass utan program – berre eit godt rom for fellesskap og kvile.

  • Veteranar i Suldal kommune har dessutan gratis inngang til Suldal Bad, og kan bade i Suldal bad sine opningstider (publikumsbading)

 

Hjarteleg velkommen!