Ein dag 5.-7. trinn ved Erfjord skule seint vil gløyma

- Det var spent stemning i klasserommet i dag, fortel Sofie Eilin Helgeland Våge. Ho er lærar ved Erfjord skule som er med i skuleprosjektet til Viking, kalla Skoleløftet.

Kven kjem?

- Elevane var spente – stolane gjekk att og fram, for dei måtte jo sjå om det kom ein bil ned til skulen. 5.–7. trinn venta i dag nemleg storfint besøk frå ekte Viking-spelarar! 

Bilen var litt forsinka, men det stoppa ikkje elevane frå å vente i heile 30 minutt – tålmodige og fulle av forventning. Kven var det som skulle kome? Det visste dei ikkje heilt endå...

Så kom bilen! Ut steig Cathrine, som leiar prosjektet, saman med Gianni Stensness og Martin Ove Roseth. Elevane var i ekstase!

Spelarintervju, autografar, foto og meir

Første punkt på programmet var spelarintervju. Elevane fekk stille spørsmål og fekk mange gode tips om korleis ein kan bli proff. Eit råd som gjekk igjen: «Aldri gi opp!» 

Etterpå var det autografar og bilder overalt.

Ballen på beina

Så var det tid for å få ballen i beina. Viking spelarane var trenarar for dei ulike laga. Elevane deltok i ulike aktivitetar der dei måtte samarbeida, motivera kvarandre og kjenna på meistring. Nokon var ekstra skjerpa – det er jo ikkje kvar dag ein får skyte på mål med ein Viking-spelar som keeper! 

Til slutt vart det ei lita turnering der spelarane var trenarar for kvart sitt lag. Stensness kasta seg til og med med i spelet – og då var det smil og latter over heile bana 

Siste fase i prosjektet

Som elevane sjølv sa: «Kjekke spelarar som såg ut som dei verkeleg brydde seg om å vera med oss.»

Ein dag fylt med glede, meistring og inspirasjon. Ein dag elevane seint vil gløyme!

No ventar siste fase i prosjektet – samarbeid i klassane for å bli endå betre lagspelarar og klassevener. Neste stopp: Lyse Arena og ny turnering! 

 

 Sitat frå elevar:

 «Lærte å samarbeide meir»

 «Ein uforgløymeleg dag»

 «Spent og nervøs»

 «Kjekke spelarar som såg ut som dei verkeleg brydde seg»

 

Vil du lesa meir om prosjektet? 

Les om prosjektet på Viking si nettside

 

Besøk på skulen - Klikk for stort bilete
Besøk på skulen - Klikk for stort bilete
Besøk på skulen - Klikk for stort bilete
Besøk på skulen - Klikk for stort bilete
Besøk på skulen - Klikk for stort bilete
Besøk på skulen - Klikk for stort bilete
Besøk på skulen - Klikk for stort bilete
Besøk på skulen - Klikk for stort bilete