E‑sport og gaming i Suldalshallen – no utvida!
Gaming- og e‑sport-tilbodet i Suldalshallen har verkeleg slått an! Difor blir tilbodet no utvida, slik at endå fleire born og ungdom kan møtast, spela saman og ha det kjekt i trygge og inkluderande rammer.
Om tilbodet
- Onsdagar og fredagar
- Kl. 17:30–20:30
- Suldalshallen
- Sosial møteplass
- Låg terskel for å delta
- Blanding av gaming og enkel trening
- Rusfritt og ope tilbod
- Gratis for alle
Kven kan vera med?
Alle frå 4. klasse og oppover – uansett om du er erfaren spelar eller berre nysgjerrig på kva dette er. Her er det låg terskel og plass til alle.
Velkommen til kjekke og aktive kveldar i Suldalshallen!
Publisert 09.03.2026 11.05