Bli ein viktig vaksen for elevane på Marvik skuleHar du eit varmt hjarte for barn og trivst når du får vera tett på elevar som treng litt ekstra støtte? Då kan Marvik skule vera akkurat den rette plassen for deg. Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Vikar for barne- og ungdomsarbeidarPå Ropeidhalvøya ligg ein liten, inkluderande fådelt skule med rundt 25 elevar – og eit kollegium som legg stor vekt på fellesskap, relasjonar og tryggleik i skulekvardagen. No søkjer me vikar for barne- og ungdomsarbeidar i 75% stilling frå 01.04.26 til 31.07.27, med moglegheit for auke til 90% frå 01.08.26.Hos oss får du ein jobb der du betyr mykje for dei du møter – og ein arbeidsplass som støttar deg, heiar på deg og gler seg til å få deg med i laget.Er du nysgjerrig?Les meir om stillinga, kvalifikasjonar og kvifor du vil trivast hos oss. Me håpar du vil søkje – me gler oss til å høyra frå deg! Søknadsfrist er 10. mars. Publisert 25.02.2026 09.22