Barnehagestyrarar på nasjonal barnehagekonferanse

Veit du kven barnehagestyrarane i kommunen vår er? Denne veka var dei alle til stades på nasjonal barnehagekonferanse. På bildet ser du heile styrarlaget samla - med kommunalsjefen i midten:

Einingsleiarar - Klikk for stort bileteBarnehagestyrarane på konferanse Edita Komar

Frå venstre:

  • Katarzyna Mysiara – Kjølvikstølen barnehage
  • Gerd Kolstø – Stølane barnehage
  • Britt Elin Håranes – Jelsa oppvekstsenter
  • Svein Carlos Gjil – kommunalsjef
  • Kari Steine – konstituert leiar, Sand barnehage
  • Laila Stødle – påtroppande leiar, Sand barnehage
  • Ingvild Vold Tveiten – Vinjar barnehage

 

Barnehage for en ny tid

Barnehagelaget deltok på den nasjonale barnehagekonferansen «Barnehage for en ny tid». Her har dei fått ny inspirasjon og fagleg påfyll om korleis me kan utvikla barnehagane våre vidare – med barns beste i sentrum. 

Barnehagen er ikkje lenger berre ein plass for dei minste – det er ein viktig arena for danning, leik, læring og livsmeistring. Men sektoren står også i store endringar: færre søkjarar til barnehagelærarutdanninga, krav til kvalitet og bemanning, og eit samfunn i rask utvikling, også her i Suldal.

Me kjem heim med nye perspektiv og idear som me tek med oss inn i utviklinga av barnehagane i Suldal. Dette handlar om framtida til barna våre, og det er viktig at me er med og formar den, seier kommunalsjefen.

Kontakt

Profilbilde av Svein Carlos Nilsen Gjil
Svein Carlos Nilsen Gjil
Kommunalsjef oppvekst
E-post
Telefon 99 07 88 63
Mobil 99 07 88 63