Årets Gladmat-opplevelse er Matskattar i Suldal!

I kategorien Beste Gladmat-opplevelse har juryen kåra Matskattar frå Suldal. Ein har utmerka seg både med ekte matglede, varme møte og eit smittande engasjement som løfta heile festivalopplevinga, seier juryen i si grunngjeving.

Matskattar frå Suldal har utmerka seg på ein heilskapeleg måte og juryen seier det blant anna er ein gjennomført og innbydande presentasjon, og at juryen vart begeistra for ekte matglede, varme møte med utstillarane som representerte regionen på ein flott måte.

Gratulera og stor takk til alle som har bidrege på Gladmatfestivalen frå Suldal kommune og næringslivet. Saman er me eit sterkt lag som set Suldal på kartet.

Anne Marie Lofthus med beviset på at Matskattar frå Suldal har vunne prisen for Beste Gladmat-oppleving