8. mai – Frigjerings- og veterandagen

I dag er det 80 år sidan frigjeringa av Noreg i 1945 og me heidrar alle dei som har kjempa for landet – både under andre verdskrigen og i seinare internasjonale operasjonar.

Ein viktig påminnar

Me takkar alle veteranar for innsatsen dykkar. De har stått opp for fred, fridom og tryggleik – både heime og ute i verda. Dagen i dag er ein viktig påminnar om verdien av det demokratiet og fridomen me har, og kva det har kosta å sikre det.

 

Velkommen innom kommunehuset i dag

Veteranar i Suldal er invitert på kaffi på kommunehuset i dag kl 16.00 for å få innspel til korleis me kan markere denne dagen på ein meiningsfull og fin måte i framtida. Inga påmelding, kom innom til ein dialog med fungerande ordførar Torbjørn Indrebø og einingsleiar organisasjon og innbyggarkontakt Bente Tednes Gjil.  

 

Eit augneblink til ettertanke

Me oppmodar alle til å ta eit augneblink til ettertanke – og til å vise takksemd.

 

Takk for innsatsen. Takk for tenesta.