Søk støtte frå Kilane-Bog-fondetKommunestyre vedtok 22.05.2025 vedtekter for Kilane-Bog-fondet. Fondet skal bidra til å auke livskvaliteten og fremje helse for eldre og sjuke gjennom meiningsfulle aktivitetar i Suldal kommune. Vedtekter for fondet 1. FøremålFondet skal bidra til å auke livskvaliteten og fremje helse for eldre og sjuke gjennom meiningsfulle aktivitetar. Aktivitetane må vere retta mot eldre og/eller mot personar med kroniske sjukdommar eller funksjonsnedsettingar i Suldal kommune. 2. BakgrunnFondet består av testamentariske gåver gitt til Suldal kommune for å hjelpe eldre og sjuke i kommunen. I 1958 fekk tidlegare Erfjord kommune og Sand kommune kr 10.000 kvar i frå Torger Kilane til «gamlehjem eller liknende formål». I 2022 fekk kommunen ei testamentarisk gåve i frå 2022 i frå Gerd Johanna Farmannsvik Bog til «hjelp for gamle og sjuke». Det kan kome nye testamentariske gåver som vil bli tillagt fondet. 3. StyretKommunestyret oppnemner eit fondsstyre som skal ha 5 medlemmer og eitt varamedlem. Fondsstyret skal ha brei samansetning som femnar kommunen, men med minst ein representant frå Sand og ein representant frå Erfjord. Fondsstyret sit i 4 kalenderår og følger valperioden til kommunestyret. Fondstyre Kilane-BogFondstyre Kilane-BogNamnRolleSverre UnderbakkeStyremedlemIren Klungtveit SlagstadStyremedlemSverre Songe PaulsenStyremedlemTIna Laugaland MichaelsenStyremedlemTorbjørg TveitaStyremedlemMarit Stueland TveitVara 4. ØkonomiFondsmidla vert plassert på høgrentekonto, men slik at minimum kr 200.000,- er disponible til ei kvar tid. Renter vert ført til fondet. Budsjett og rekneskap for fondet vert lagt til det budsjettet og den rekneskapen som kommunen fører, og skal vera i samsvar for føresegnene for dette. Styret kan dele ut inntil kr 200.000,- i året.5. Kven kan søkje støtte?Frivillige lag og organisasjonar og offentlege verksemder i Suldal kommune6. Kva kan du få støtte til?Du kan få støtte til arrangement, gruppetrening, kulturelle tilbod, læring og meistring, utstyr og andre aktivitetar som fell under føremålet. Det blir ikkje gitt støtte til ordinær drift eller til utstyr og aktivitetar som kan bli dekka av andre ordningar. 7. Slik søkar du - Frist og søknadSøknadsfristen er 1. februar kvart år.Det er digital søknad med innlogging via bank-ID. Søknadsskjema for støtte frå Kilane-bog-fondetSøknaden skal innehalde ei kort skildring av planlagde aktivitetar, budsjett og forventa tal deltakarar. Frist for å nytte midlane er 31.12 same år. Søker må levere ein kort sluttrapport innan 1. februar påfølgande år. 8. ÅrsmeldingDet skal leggjast fram ei årsmelding om fondet si verksemd for kommunestyret kvart år. 9. Godkjenning av vedtekerVedtektene kan endrast av kommunestyret.Søknadsfrist 2025Søknadsfrist for tildeling av støtte i 2025 er 1.september. Publisert 19.06.2025 15.23