Seniortaxi

Er du over 65 år og treng transport? Då kan du bestilla Seniortaxi for berre 50 kroner per tur.

Kven kan bruka Seniortaxi?

  • Personar over 65 år som ikkje kan køyra sjølv, og ingen i husstanden kan køyra.
  • Ordninga gjeld ikkje for dei som har TT-kort.

 

Kvar kan du reisa?

  • Innanfor Suldal kommune.
  • Dei som bur i Vanvik kan reisa til og frå Sauda.

 

Viktig å vita:

  • Seniortaxi kan ikkje brukast til reiser som det offentlege dekkjer.
  • Taxisjåførane prøver å samordna transporten så godt som mogleg.
  • Eigenbetalinga er 50 kroner per tur, uansett kor langt du skal.

 

Ofte stilte spørsmål om seniortaxi

 

Ordninga er eit samarbeid med Kolumbus

Kontakt

Elin Mikkelsen Bakka
E-post
Telefon 47 65 26 09
Mobil 47 65 26 09