Kosthaldsråd for eldre

Kanskje du slit med dårleg matlyst eller ufrivillig vekttap? Då kan du lese om kosthaldsråd og få nyttige tips under. 

Dersom du får i deg lite mat og drikke får kroppen mindre energi og næringsstoff enn han har behov for. Då kan du bli underernært. Det er ikkje alltid lett å sjå eller vite om nokon har gått ned i vekt eller er undernærte, og det kan oppstå i alle aldrar, diagnosegrupper og vektklassar - også ved overvekt. Underernæring og uvfrivillig vekttap er ikkje godt for helsa.  Mange opplever at matlysta går ned når ein blir eldre. Det er normalt, men ein må vere obs på å ikkje gå for mykje ned i vekt. 

 

Råd for å få i seg nok næring 

  • Ete regelmessig, gjerne kvar tredje time. Sjå om du kan forsøke å ete frukost, lunsj, middag, kveldsmat og eitt til to mellommåltid. Det bør helst ikkje gå meir enn 10-11 timar mellom kveldsmat og frukost dagen etter.
  • Ved dårleg matlyst eller vekttap er det betre at du et noko, same kva, enn ingenting. 
  • Vel drikke med energi i : slik som jus, mjølk, saft, kakao eller vørterøl. 
  • Gjer måltidet til ei hyggeleg stund og et gjerne saman med andre. 
  • Kjøp ferdigmiddag på butikken dersom du ikkje orkar eller har lyst til å lage mat. Kommunen tilbyr middag levert heim eller dagtilbod med måltid for eldre. 
  • Har du problem med å handle på butikken kan du kontakte din næraste daglegvare og høyre om dei tilbyr heimlevering. 
  • Veg deg regelmessig, gjerne ein gong i månaden, og følg med på utviklinga.
  • Næringsdrikke frå apotek kan vere eit nyttig tillegg til maten dersom du har utfordringar over tid med å ete nok. Resept på næringsdrikke får du frå fastlegen. Du kan også kjøpe medisinsk proteinpulver, slik som Fresubin eller Protifar. 

Her kan du sjekke om du, eller nokon du er glad i, er i risiko for underernæring:

 

Berik maten

Å berike maten betyr å tilsetje maten ekstra energi (kaloriar) og næringsstoff utan å auka volumet. Det er lurt å berike maten for å unngå ufrivillig vekttap og underenæring i tilfelle der ein ikkje klarer å få i seg nok næring. 

Korleis gjere måltidet meir energirikt? Ekstra feitt!

  • Smør/margarin
  • Olje
  • Fløyte
  • Seterrømme/Crème Fraîche
  • Majones

 

Ved sjukdom treng kroppen fleire byggjesteinar. Då er det lurt å ete meir protein:

  • Egg
  • Ost
  • Tørrmjølk/proteinpulver
  • Yoghurt/kesam/cottage cheese
  • Kjøt og fisk 

 

Enæringscreening for deg som mottek heimetenester

Dersom du mottek heimetenester frå Suldal kommune vil du få tilbod om ernæringscreening. Det betyr at personellet i heimetenesta spør deg om vekta di eller hjelper med å vege deg. Dei spør deg også om matlyst. Føremålet er å kunne hjelpe tidleg for å førebygge underernæring.

Dersom ernæringsscreeninga viser at du er i risiko for underernæring vil helsepersonell og klinisk ernæringsfysiolog finne årsaker og tiltak for å auke næringsinntaket ditt. Dette er i tråd med nasjonale anbefalingar. 

Fyller du 77 år? Då kan du få tilbod om førebyggjande heimebesøk. Heimebesøket består av ein samtale der føremålet er å leggje til rette for å bu lengst mogleg heime, og omhandlar mellom anna ernæring. Les meir her. 

 

Kosthald for deg med god matlyst 

God og rett mat er viktig for helse og livskvalitet. For eldre er det også ein viktig faktor for å bu lengst mogleg heime. Friske eldre med god matlyst anbefalast å følge dei nasjonale kostråda, samt:

  • Ete proteinrike matvarer som mjølk, meieriprodukt, egg, fisk, kjøt, brød, nøtter, bønner og linser til så mange måltid du klarar. 
  • Ta vitamin D-tilskot, eldre over 75 år har dobbelt så stort behov som yngre.
  • Drikke nok, om lag 1 til 1,5 liter væske i døgnet. 
  • Følgje Helsedirektoratet sine råd for fysisk aktivitet og fallførebyggjing. Fysisk aktivitet kan bremse tap av muskelmasse og betre apetittreguleringa. 

 

Dersom du vil lese meir om kosthald for eldre, gå inn på Helsedirektoratet sine sider.