Råd ved dårleg matlyst og vekttap

God og rett mat er viktig for helse og livskvalitet når du blir eldre, og ein viktig faktor for å bu lengst mogleg heime. Mange opplever at matlysta går ner når ein blir eldre, og det er heilt normalt. Det kan vere lurt å vere bevisst på at ein et og drikk nok. 

Innhald

Råd for deg med god matlyst 

 Friske eldre med god matlyst anbefalast å følge dei nasjonale kostråda:

  • Ha eit variert kosthald, vel mest mat frå planteriket og et med glede!
  • Frukt, bær eller grønsaker bør vere ein del av alle måltid.
  • La grovt brød eller andre fullkornsprodukt vere ein del av fleire måltid kvar dag.
  • Vel oftare fisk og sjømat, samt bønner og linser, enn raudt kjøt. Et minst mogleg bearbeida kjøt.
  • Ha eit dagleg inntak av mjølk og meieriprodukt. Vel produkt med mindre feitt. 
  • Godteri, snacks og søte bakevarer bør begreinsast.

 

Og i tillegg:

  • Ete proteinrike matvarer som mjølk, meieriprodukt, egg, fisk, kjøt, brød, nøtter, bønner og linser til alle måltid.
  • Ta vitamin D-tilskot, eldre over 75 år har dobbelt så stort behov som yngre.
  • Drikke nok, om lag 1 til 1,5 liter væske i døgnet, i tillegg til det du får via maten. Vatn er beste tørstedrikk.
  • Vere regelmessig fysisk aktiv i kvardagen, moderat fysisk aktiv minst 2,5 til 5 timar per veke, samt trene spesifikk styrke- og balansetrening minst eit par gonger i veka. Fysisk aktivitet kan bremse tap av muskelmasse, førebyggje fall og betre apetittreguleringa. 

 

Laks til middag - Klikk for stort bileteLaks til middag Unsplash/Caroline Attwood

Risiko for underernæring 

Dersom du får i deg lite mat og drikke får kroppen mindre energi og næringsstoff enn han har behov for. Då kan du bli underernært. Underernæring eller ufrivillig vekttap er uheldig for helsa, og kan oppstå i alle aldrar, diagnosegrupper og vektklassar, også ved overvekt. 

Det er ikkje alltid lett å sjå eller vite om nokon har gått ned i vekt eller er undernærte. Under kan du teste om du, eller nokon du er glad i, er i risiko for underernæring. 

 

Test deg sjølv:

 

Råd for deg med dårleg matlyst eller vekttap

  • Vel mat og drikke som er meir energi- og næringsrik, til dømes mat med meir feitt og protein eller tilsette ekstra feitt og protein, slik at du får i deg mest mogleg energi frå mindre mengd mat. Sjå tips til beriking med feitt og protein nedanfor. Unngå lettprodukt, vel heller heiltfeite meieriprodukt og liknande. 
  • Et oftare enn før dersom du er småspist eller blir fort mett. Bruk klokka og et til faste tidspunkt, minst kvar tredje time eller oftare. Unngå meir enn 11 timar mellom kveldsmat og frukost neste dag. 
  • For ein periode er det betre at du et noko, same kva, enn ingenting. 
  • Gjer måltidet til ei hyggeleg stund og et gjerne saman med andre. 
  • Middag gjer maten meir variert. Bruk gjerne ferdigmiddagar frå butikken dersom du ikkje orkar eller ynskjer å lage sjølv. Kommunen har også eit tilbod om middagslevering heim (lenke) og måltid på dagsenter (lenke).
  • Be om hjelp dersom du ikkje klarar å handle eller lage mat. Mange matbutikkar tilbyr heimlevering av varer. 
  • Vel energihaldig drikke som mjølk, syrna ,jølk, kakao, jus, saft, vørterøl og liknande. Du treng om lag 1-1,5 liter væske om dagen i tillegg til det du får via maten.
  • Ver i bevegelse. Ein liten spasertur kan gi betre matlyst og førebygge tap av muskelmasse.
  • Veg deg kvar veke ei stund for å sjå om du held fram med å gå ned i vekt. Vidare er det lurt å vege seg ein gong i månaden.
  • Ta kontakt med fastlegen din for å få oppfølging på vekt og matinntak. Dette er særleg viktig om du har gått ned meir enn 3 kilo dei siste 3 månadane. 
  • Næringsdrikke frå apotek kan vere eit nyttig tillegg til maten dersom du har utfordringar over tid med å ete nok. Resept på næringsdrikke får du frå fastlegen din. 

 

 

Tips til korleis du kan berike maten med ekstra energi og protein:

Å berike maten betyr å tilsetje maten ekstra energi (kaloriar) og næringsstoff utan å auka volumet. Det er lurt å berike maten for å unngå ufrivillig vekttap og underenæring i tilfelle der ein ikkje klarer å få i seg nok næring. Her kjem tips til korleis du kan berike ulike måltid:

Middag/varmrett:

  • 1-2 ss fløyte/olje/smør/rømme i 1 porsjon saus/suppe/gryterett/stuing
  • 1 ss smør/margarin over potetene
  • 1-2 ss olje/smør over grønnsakene
  • 1 ss rømme/tyttebærsyltetøy attåt

 

Brødmåltid:

  • gjerne tynn brødskjeve
  • tjukt lag smør/margarin
  • dobbelt lag pålegg (til dømes kjøtpålegg + ost/majonessalat eller peanøttsmør + syltetøy)
  • gjerne majones/remulade/pesto til pynt

 

Graut:

  • lag grauten på heilmjølk
  • bland gjerne i 1 ss smør og 1 ss sukker
  • berik grauten med egg/tørrmjølk/proteinpulver
  • topp med 1 ss smør og 1 ss sukker

 

Yoghurt:

  • 1 ss nøytral olje (til dømes rapsolje) i eitt beger med yoghurt doblar eneriinnhaldet
  • eventuelt ha i krem, rømme, nøtter eller gryn

 

Drikke:

  • mjølkebasert drikke (mjølk, syrna mjølk, iskaffe, kako, smoothie med yoghurt o.l.) kan berikast med feitare mjølkeprodukt (heilmjølk, fløyte) og tørrmjølkspulver 

Enæringscreening for deg som mottek heimetenester

Dersom du mottek heimetenester frå Suldal kommune vil du få tilbod om ernæringscreening. Det betyr at pleiepersonalet spør deg om vekt og matlyst, eller hjelper med å vege deg. Føremålet er å kunne hjelpe tidleg for å førebygge underernæring, noko som har ei rekke negative helseeffektar. 

Dersom ernæringsscreeninga viser at du er i risiko for underernæring vil pleiepersonalet leite etter årsaker og finne tiltak for å auke næringsinntaket ditt. Dette er i tråd med nasjonale anbefalingar. 

Fyller du 77 år? Då kan du få tilbod om førebyggjande heimebesøk. Heimebesøket består av ein samtale der føremålet er å leggje til rette for å bu lengst mogleg heime, og omhandlar mellom anna ernæring. Les meir her. 

 

Dersom du vil lese meir om kosthald for eldre, gå inn på Helsedirektoratet sine sider. 

For råd for fysisk aktivitet, les her, og råd for å førebyggje fall, les her. 

Kontakt

Anna Lillehammer Bakka
E-post