Økonomisk sosialhjelp
Økonomisk sosialhjelp skal bistå å sikra at alle har nok midlar til livsopphald. Økonomisk sosialhjelp er eit midlertidig tiltak, og skal bidra til å gjera deg til å klara deg sjølv økonomisk.
Før du kan få økonomisk stønad må du ha vurdert alle andre mogelegheiter til sjølvforsørging, som for eksempel:
- lønnsinntekter
- trygderettigheiter
- sysselsettingstiltak
- studielån
- bruk av formue
- reduksjon av utgifter
Størrelsen på sosialhjelpa, samt kva anna hjelp og oppfølging du kan få, vurderer me individuelt og skjønnsmessig ut frå kva behov du har. Økonomisk stønad blir for eksempel ofte gitt i kombinasjon med råd og rettleiing.
Stønadsnivå
NAV Suldal følgjer dei statlege rettleiande satsane for utmåling av sosialhjelp.
Du kan søkja om ekstra til born, konfirmasjon, jul, ID, og anna. Me vurderer dette individuelt ut i frå din situasjon.
Her kan du søkja
Søk om økonomisk sosialhjelp (elektronisk)
Søk om økonomisk sosialhjelp (papir)
Du kan også koma innom NAV Suldal i opningatida å få skjema og hjelp til å søkja.
Me ber om at du legg ved god informasjon om situasjonen din, og lastar opp nødvendige vedlegg.
Dei vanlegaste vedlegga til søknaden er:
- utskrift av skattemelding
- utskrift som viser saldo for alle bankkonti for deg og ektefelle
- innskudd i spareordningar
- husleigekontrakt
- lønn siste tre månadar
- straumrekning
- kommunale avgifter
- barnehageutgifter
- Andre utgifter
Sjå søknadsskjema for meir informasjon om kva som er aktuelle vedlegg.
Klage på vedtak?
Du kan kontakta NAV for å klaga på vedtak etter sosialtenesteloven. NAV kan hjelpa deg å utforma klagen.
Du kan også skriva ein klage å levere på NAV kontoret. Det må då koma fram kva du klagar på, og eventuelle nye opplysningar i saka.
Du skal sende klaga til NAV-kontoret som behandla søknaden din, i ditt tilfelle NAV Suldal. Klagefristen er 3 veker frå du mottok eit svar på søknaden.
Relaterte lenker
NAV sosiale tjenester