Med Digihelse kan du enkelt følgje opp tenester du får frå kommunen, til dømes:
Sende og motta meldingar til og frå helse- og omsorgstenestene, som blant anna heimesjukepleie, praktisk bistand eller psykisk helseteneste.
Sjå avtalar om heimebesøk, til dømes når heimesjukepleien kjem, og avbestille besøk som ikkje passar.
Få varsel på SMS eller e-post når heimebesøk er utført.
Gi fullmakt til pårørande, slik at dei kan hjelpe deg med tenesta.
Få oversikt over tenester som avlastning eller helsetenester i heimen.
Alle meldingar og endringar blir registrerte direkte i kommunen sitt journalsystem (EPJ). Løysinga er sikker og krev innlogging med BankID eller annan godkjend e-ID.