Rus og psykiske helsetenester (ROP)ROP-teamet gir tilbod til vaksne(over 18 år) med psykiske plagar/sjukdom, og pårørande til personar psykisk sjukdom. Dersom du trur du står i fare for å utvikla psykisk sjukdom kan det vera bra å ta tidleg kontakt for å ha nokon å drøfta dette med. Tilbodet du får heng saman med kva situasjon du er i og kva som skal til for at du får det betre. Kva inneheld tilbodet?• Tilvising til rusbehandling gjennom ruskonsulent• Arbeid i oppfølgingsteam som deltakar eller koordinator i Individuell plan (lenke)• Samarbeid med andre tenester (Nav, fastlege, spesialisthelseteneste) i rehabiliteringsprosessar• Bowlingsgruppe for ungdom• Dagtilbod med kreativ aktivitet og sosial meistring torsdagarKva kan eg ta kontakt om?Hjelp til å meistra angst, depresjon og andre psykiske lidingarHjelp for søvnvanskarHjelp og støtte til rusrelaterte vanskarHjelp til handtering av legemidlarHjelp og støtte til pårørandeHjelp til å skapa struktur og aktivitetar i kvardagen Hjelp og støtte til å meistra bu-situasjonHjelp til innsikt i eigen situasjon og støtte til å finna ut kva som skal til for å få det betreKva kostar det?Tenestane frå ROP-teamet er gratis.Kor kan eg stilla spørsmål?Dersom du har spørsmål kan du kontakta fagleiar. Her kjem snart ei lenke til kontaktinformasjon til fagleiar.Du kan kontakta ROP-teamet gjennom tildelingskontoret eller be legen din senda ei tilvising til psykisk helse. Publisert 05.07.2024 14.50