Lågterskel aktivitetstilbod for vaksneLågterskel aktivitetstilbod er gratis tilbod for vaksne personar frå 18 år. Du treng ikkje søkja for å vera deltakar hos oss. Møtestad for deg som er rusavhengigDette er eit gratis lågterskeltilbod, du kan berre møta opp. Du får servert eit måltid. Døme på aktivitetarMusikkFormingsaktivitetarMatlaging Når og kor? Me møtes på “Loftet” på Bjødnateigen. Tysdagar kl. 11.00 – 14.00 Læring- og meistringsgruppeDette tilbodet er for deg som er mellom 18 og 30 år, har psykiske vanskar og av ulike orsakar har stoppa opp på vegen mot utdanning eller arbeid. Tilbodet er eit supplement til utdanning/arbeid i ein periode og i kombinasjon med andre tiltak. Døme på aktivitetarFysisk aktivitet/treningArbeidstreningMatlagingSosial trening Korleis søkje?Du kan få hjelp til å søkje om gruppetilbodet gjennom lege, NAV eller du søkje sjølv. Her kjem snart ei lenke til søknad om læring- og meistringsgruppe. Når og kor?Me er på “Loftet” på BjødnateigenOnsdagar og fredagar kl. 09.00 – 14.00 Publisert 05.07.2024 15.13