Er du pårørande?Du kan få informasjon, hjelp eller støtte til å handtera kvardagen din som pårørende, både som barn og vaksen.Du er pårørande dersom du står nær nokon som har fått ein sjukdom, en funksjonsnedsetting eller ein avhengigheit. Du kan for eksempel vera eit familiemedlem, en ven eller nabo. Det kan vera situasjonar prega av store følelsesmessige belastningar og kan by på praktiske utfordringar. KreftkoordinatorKreftkoordinator er et tilbod til kreftpasientar og pårørande. Tilbodet er lett tilgjengeleg og krev ikkje søknad. Målsetninga er at den enkelte meistrar utfordringar i kvardagen i størst mogleg grad, og ivaretar kontroll og ansvar i eige liv.Pakkeforløp for pasientar med kreft. Kontakt kreftkoordinatorPårørande ved demenssjukdomHukommelsesteamet er eit lågterskeltilbod som kan hjelpa deg eller dine pårørande ved spørsmål eller mistanke om demens. Teamet består av ein sjukepleiar og ein helsefagarbeidar. Me samarbeider med fastlegar, heimesjukepleie, fysio-/ergoterapeut og anna helsepersonell.Hukommelsesteamet gir hjelp til personar der ein mistenker kognitiv svikt og demenssjukdom, og deira pårørande.Hukommelsesteamet kan bidra medÅ kartlegga kognitiv funksjon og åtferdÅ kartlegga behov i heimen, daglege gjeremål og tryggleikRettleia og støtta pårørandeVera eit bindeledd mellom personar med demenssjukdom og deira pårørande, og hjelpeapparatetHeimebesøkPårørandegrupper og samtalarRettleia om korleis ein kan legga til rette for ein god kvardagRettleia ved søknad om hjelpemiddel Ta kontaktDu kan ta kontakt direkte, og treng ikkje tilvising frå lege. Kontakt hukommelsesteamet. Barn som pårørandeBarn som pårørende vil seie barn under 18 år av brukar/pasient med psykiske helseutfordringar, rusavhengige, alvorleg somatisk sjukdom eller skade. Barn som pårørande kan vera eigne barn, stebarn og fosterbarn. Barn kan også vera pårørande av søsken som mottar helse- og omsorgstenester. Å ha ei søster eller bror med alvorleg eller kronisk sjukdom, nedsett funksjonsevne, psykiske utforingar eller rusavhengigheit vil virka inn på kvardagslivet til søsken på ulike måtar. Barn som pårørande kan ha ulike behov for informasjon, oppfølging og støttetiltak.Suldal kommune har eit ansvar for å ivareta deg som er barn og pårørande. Helsepersonellet som den sjuke møter skal vera merksam på kva behov barnet har. Spørsmål?Tildelingskontoret kan svara deg på spørsmål om barn som pårørande. OmsorgslønHar du eit særleg tyngande omsorgsarbeid, kan du søkje om omsorgsløn. Omsorgsløn skal gi deg ein viss økonomisk kompensasjon for det omsorgsarbeidet du utfører. Kommunen avgjer om du får omsorgsløn og kva nivå løna skal ligga på. SøkSøk om omsorgsløn her Spørsmål?Tildelingskontoret kan svara deg på spørsmål om omsorgsløn. AvlastingHar du tunge omsorgsoppgåver og har behov for avlastning? Avlastningstilboda kan organiserast på ulike måtar, i eller utanfor heimen og i eller utanfor institusjon. Les meir om avlastingstilboda våre her. Publisert 10.07.2024 11.56