For å få tilbodet må du oppfylla nokre kriterier. Mellom anna forventar me at du er motivert til å gjere ein innsats for å nå dei måla du har sett deg, slik at du i størst mogleg grad på nytt kan bli sjølvhjulpen i eige liv.
Søk tilbod om kvardagsrehabilitering/opptrening her.
I søknadsskjemaet skriv du om dine hjelpebehov og aktivitetar du no opplev som utfordrande eller vanskelege. Det er ingen søknadsfrist og alle søknader blir vurdert kontinuerleg.
Når du søkjer om helse- og omsorgstenester vil kvardagsrehabiliteringsteamet gjere ei vurdering på om du fell inn under kriteria for å motta kvardagsrehabilitering. Teamet tek kontakt med deg for å avtale eit kartleggingsbesøk.