Heimesjukepleie - Suldal kommune heimeside

Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er for deg som oppheld deg i Suldal kommune og har behov for helsehjelp i heimen. Dette er eit tilbod til deg som er eldre, sjuk eller har funksjonsnedsetting.

Tildelingskontoret tildeler tenester etter ein individuell vurdering av sjukdom, funksjonsvariasjon og heimesituasjonen. Dette kan blant anna vera:

  • Hjelp med medisinar og medisinsk prosedyre
  • Sårbehandling
  • Rettleiing om kosthald og helsespørsmål
  • Hjelp til å stå opp, legging og toalettbesøk
  • Rettleiing og opplæring slik at du kan meistra oppgåver på eigenhand (dosera medisinar, skifta stomi osv.)

 

Søk

Søk om heimesjukepleie

 

Kva kostar det?

Pris for heimesjukepleie

 

Digihelse - enkel og trygg kontakt med helsetenesta i Suldal

Me ønskjer å gjere kommunikasjonen mellom innbyggjarane og helsetenesta endå betre. Difor tilbyr me Digihelse gjennom helsenorge.no – din digitale inngang til helse- og omsorgstenester.

Du kan lesa meir om tilbodet her. 

Kontakt

Tildelingskontoret
Telefon 52 79 23 60
Mobil 47 48 48 01

Bjødnateigvegen 21, 4230 Sand

Søknad om kommunale tenester

Profilbilde av Svanhild  Løge Skålheim
Svanhild Løge Skålheim
Einingsleiar
Telefon 99 36 25 23