Digihelse – enkel og trygg kontakt med helsetenesta i Suldal

Me ønskjer å gjere kommunikasjonen mellom innbyggjarane og helsetenesta endå betre. Difor tilbyr me Digihelse gjennom helsenorge.no – din digitale inngang til helse- og omsorgstenester.

Kva kan du gjere på helsenorge.no?

  • Med Digihelse kan du enkelt følgje opp tenester du får frå kommunen, til dømes:

    Sende og motta meldingar til og frå helse- og omsorgstenestene, som blant anna heimesjukepleie, praktisk bistand eller psykisk helseteneste.

    Sjå avtalar om heimebesøk, til dømes når heimesjukepleien kjem, og avbestille besøk som ikkje passar.

    Få varsel på SMS eller e-post når heimebesøk er utført.

    Gi fullmakt til pårørande, slik at dei kan hjelpe deg med tenesta.

    Få oversikt over tenester som avlastning eller helsetenester i heimen.

    Alle meldingar og endringar blir registrerte direkte i kommunen sitt journalsystem (EPJ). Løysinga er sikker og krev innlogging med BankID eller annan godkjend e-ID.

Slik kjem du i gang

  • Du må motta helse- og omsorgstenester frå Suldal kommune
  • Logg inn på helsenorge.no med BankID eller tilsvarande
  • Godta bruksvilkåra ved innlogging
  • Etter at du har godteke vilkåra, kan du ta i bruk Digihelse frå neste dag
  • Innlogginga har høg sikkerheit (nivå 4), slik at du trygt kan sende meldingar med sensitive opplysningar.

 

Kva skjer med meldingane du sender?

  • Meldingane du sender på helsenorge.no kan erstatte beskjedar og spørsmål som du tidlegare berre har gitt på telefon, papir eller andre måtar. 

    Når du tek kontakt med helse- og omsorgstenestene i Suldal kommune via helsenorge.no, vil dei svare deg via helsenorge.no.​

    Du kan forvente å få svar første arbeidsdag etter at du har sendt ei melding. 

    Meldingane frå deg blir berre lese av tilsette i helse- og omsorgstenesta som har lov til å sjå opplysningane om deg. ​

    Du vil få varsel om nye meldingar til deg på tekstmelding eller e-post, avhengig av kva du føretrekk. Du styrer sjølv kva varslar du vil ha via helsenorge.no

 

Få hjelp av pårørande

Du kan gi fullmakt til pårørande slik at dei kan bruke Helsenorge.no på dine vegner. Les meir om korleis du gjer dette på helsenorge.no

 

Ny tenester som tar i bruk Digihelse i Suldal

  • Suldal bu- og aktivitet

    • Praktisk bistand
    • Helsetenester i heimen
    • Avlastning
  • Suldal heimesjukepleie

    • Praktisk bistand
    • Heimesjukepleie (Helsetenester i heimen)

     

    Psykisk helse

    • Psykisk helseteneste

Lenker

Informasjon til innbyggarane på Helsenorge.no

Samtykke til å nytte Helsenorge.no

Kontakt

Lisebeth Gjøse
E-post
Telefon 95 72 07 38
Mobil 95 72 07 38