Borgarleg vigselDe kan gifta dykk borgarleg hos Suldal kommune. For å inngå ekteskap i Norge, må Staten først gjennomføre ei prøving av ekteskapsvilkåra. Dette blir utført av folkeregisteret ved det regionale skattekontoret. Når det er gjort får du ein prøvingsattest som er gyldig i fire månader, og som må vera gyldig på vigselstidspunktet. Du må senda prøvingsattesten til kommunen. Bestille dato for vigsla De kan reservera dato for vigsel før de har motteke prøvingsattesten.Dette skal du gjera elektronisk via dette skjemaet. Dette må gjerast i god tid, og seinast tre veker før bryllaupsdato.vigsler blir gjennomført fredagar mellom kl 13.00 og 15.00.ein datofesta laurdag i kvar månad i mai, juni, juli og augustnår elektronisk bestilling er motteke sender kommunen eit stadfestingsbrev på dato og tidspunktDu må senda prøvingsattesten til kommunen seinast 3 veker før vigselen. Stad og seremoni Vigsla skal først og fremst føregå i kommunestyresalen på kommunehuset. Dersom det er ei mindre gruppe som deltek under seremonien fungerer Formannskapsalen godt. Kommunehuset er universelt tilrettelagt. Det er mogleg å sjå salen før vigselen ved å avtala tid for det hjå Organisasjon og innbyggarkontakt på kommunehuset.Kommunen sørgjer for det praktiske med oppsett av blomar og lys. Behov for tolk Ved behov for tolk må de bestilla tid for vigsel i god tid før vigselsdagen. De kan legga inn beskjed om tolk i kommentarfeltet «Andre opplysningar» på søknadsskjema. Vigslarar TittelNamnOrdførarMads DrangeVaraordførarTorbjørn IndrebøKommunedirektørSiri HalvorsenLeiar politisk sekretæriatTurid Vaage Pris Tilbodet er gratis for innbyggjarane i Suldal kommune så lenge du vil gifte deg i lokalet me tilbyr.For par som ikkje er busette i Suldal er pris kr. 1000,- for vigsel i kontortida.Er det ønskje om vigsel andre stader og til andre tider enn det som er fastsett må brudefolka dekka kommunen sine faktiske utgifter, minstepris kr. 2000,-. Kjønnsnøytral ekteskapslov 1 januar 2009 fekk Noreg kjønnsnøytral ekteskapslov og personar av same kjønn kan inngå ekteskap. Tidlegare inngådde partnarskap kan omgjerast til ekteskap ved søknad til folkeregisteret. Etter vigsla Brudeparet vil få tilsendt midlertideg vigselsattest (kopi av underskreve prøvingsattest). Kommunen sender den underskrivne prøvingsattesten til folkeregisteret som utsteder endeleg vigselsattest. Lenker Sjå Vegen til ekteskapet - steg for steg.Bestill prøvingsattest hjå skatteetaten.no Publisert 24.09.2024 21.42