
Program
Laurdag 31 Oktober 2026
Frå råvare til oppleving – korleis skapar vi meir verdi av det garden produserer?
Frode Selvåg, Ryfylkekokken
Deltakarane lagar eit måltid saman med Ryfylkekokken med lokale råvarer. Undervegs deler Frode erfaringar om:
- Kva gjer ei lokal råvare unik?
- Korleis skapar vi meirverdi gjennom kvalitet, historie og presentasjon?
- Kva etterspør kundar, restaurantar og reiselivet?
- Korleis kan bønder samarbeida om lokalmat og matopplevingar?
Samlinga blir avslutta med felles måltid og samtale om moglegheitene for lokal verdiskaping i Suldal.
November/ desember 2026
Frå ressurs til mulighet
Eli Grete Høyvik – ein idéverkstad med Eli Grete Høyvik
Korleis kan du skapa nye muligheter med utgangspunkt i ressursane på din eigen gard? Kva muligheter ligg i garden og bygda? Korleis kan ressursane på garden og i bygda bli grunnlag for nye inntekter, samarbeid og utvikling? Målet er å opna tankesettet og sjå garden med nye auge. Arbeid med eigne idéar og erfaringsutveksling i mindre grupper?
Januar 2027
Studietur
Besøk til gardar og verksemder som har utvikla nye næringar og skapt verdiskaping.
18. februar 2027
Frå idé til lønsemd
Korleis reknar du på ei ny satsing?
Tema:
- Rekneskapsforståelse
- Økonomi
- Prissetjing
- Investering
- Finansiering
Suldal økonomi ved Sveinung Skjerahaug og Ola Jelsa.
11 mars 2027
Frå idé til kunde
Korleis skapar du ein marknad for produktet eller tenesta di?
Tema:
- Marknadsføring
- Sal
- Historieforteljing
- Bygging av merkevare
Samling på Hebnes vingard.
Gjennom heile programmet
- Arbeid med din eiga utviklingsidé
- Individuell rettleiing
- Nettverk med andre gardbrukarar
- Erfaringsutveksling
- Mulighet for samarbeid
Praktisk informasjon
- 15–20 deltakarar
- Bindande påmelding
- Deltakaravgift: kr 1 000, kr 500 for person nr 2. frå same gard.
Prosjektet er finansiert av Rogaland fylkeskommune, Suldal kommune og Suldal Bondelag.
Arrangørar: Suldal Bondelag, Bygdeutvikling i Indre Ryfylke og Suldal kommune.