Søk om støtte for 4. kvartal 2024
Suldal kommune har tidlegare gitt straumstøtte til næringslivet. 4. kvartal 2024 er siste kvartal for å søkja støtte.
Me gir straumstøtte til næringslivet når straumprisen er over 70 øre/kWh. I oktober og november var straumprisen under 70 øre/kWh. I desember blei gjennomsnittet på 74 øre/kWh, du kan difor søkja om støtte på 4 øre ganget med straumforbruket i desember.
Søknadsfristen er 20. januar.
Søknadsskjema for straumstøtte til næringslivet
Kort om straumstøtta
Me gir straumstøtte til næringslivet når straumprisen er over 70 øre/kvh.
Målarnummer/Målepunkt-ID må vere registrert på eit organisasjonsnummer med kode næring. Det må kome klart frem av fakturaen.
- Støtta skal vera tilsvarande den statleg støtta for jordbruket og veksthusnæringa. Støtta dekkjer 80 % av kostnadane over 70 øre /kWh eks mva for straumforbruket i månadane april til og med september og 90 % av kostnadane over 70 øre /kWh eks mva i oktober, november og desember. Grunnlaget er gjennomsnittleg spotpris i månaden.
- Me utbetaler støtta kvar tredje månad etter søknad.
- Ordninga gjeld alle små og mellomstore verksemder. Små og mellomstore verksemder blir definert som verksemder med mindre enn 100 tilsette og mindre enn 100 millionar kr i årleg omsetning.
- Ordninga gjeld ikkje for offentlege verksemder.
- Ordninga gjeld ikkje for produsentar av kraft.
- Me gir støtte for forbruk på inntil 50 000 kWh per verksemd per månad.
- Verksemda må stadfeste at dei ikkje er omfatta av ei statleg ordning.
- Verksemda må stadfeste at dei ikkje kjem over grensa for bagatellmessig støtte.
- Ordninga er tillitsbasert. Dei som misbruker ordninga må tilbakebetale støttebeløp med renter.
Slik søkjer du
- Du må søkja støtte kvart kvartal.
- Søk via digitalt søknadsskjema i lenka under.
- Søknaden må dokumenterast med faktura for straum for kvart kvartal.
- Søknad skal signerast digitalt ved innsending.
Søknadsfrist
- 1. kvartal - 15. mai
- 2. kvartal - 15. august
- 3. kvartal - 15. november
- 4. kvartal - 20. januar
N.B: Søknadsskjema er berre ope dersom straumprisen kjem over 70 øre/kvh i snitt ein månad.
Søknadsskjema for straumtilskot til næringslivet