Straumstøtte til næringslivet

Har verksemda di høge straumkostnader? Frå 1. januar 2026 opnar Suldal kommune for søknadar om straumstøtte til næringslivet. Ordninga gir 90 % støtte når straumprisen er over 60 øre/kWh. 

Søk om støtte

Suldal kommune har tidlegare gitt straumstøtte til næringslivet. Denne ordninga har ikkje vore mogleg å søkja på i 2025, men i 2026 opnar me opp att for søknadar. 

Me gir 90% straumstøtte til næringslivet når straumprisen er over 60 øre/kWh. 

Søknadsskjema for straumstøtte til næringslivet

 

Kort om straumstøtta

Me gir straumstøtte til næringslivet når straumprisen er over 60 øre/kvh.


Målarnummer/Målepunkt-ID må vere registrert på eit organisasjonsnummer med kode næring. Det må kome klart frem av fakturaen.

  • Støtta dekker 90 % av kostnadane over 60 øre /kWh eks mva. Grunnlaget er gjennomsnittleg spotpris i månaden.
  • Me utbetaler støtta kvar tredje månad etter søknad.
  • Ordninga gjeld alle små og mellomstore verksemder. Små og mellomstore verksemder blir definert som verksemder med mindre enn 100 tilsette og mindre enn 100 millionar kr i årleg omsetning.
  • Ordninga gjeld ikkje for offentlege verksemder.
  • Ordninga gjeld ikkje for produsentar av kraft.
  • Me gir støtte for forbruk på inntil 50 000 kWh per verksemd per månad.
  • Verksemda må stadfeste at dei ikkje er omfatta av ei statleg ordning.
  • Verksemda må stadfeste at dei ikkje kjem over grensa for bagatellmessig støtte.
  • Ordninga er tillitsbasert. Dei som misbruker ordninga må tilbakebetale støttebeløp med renter.

Slik søkjer du

  • Du må søkja støtte kvart kvartal.
  • Søk via digitalt søknadsskjema i lenka under.
  • Søknaden må dokumenterast med faktura for straum for kvart kvartal.
  • Søknad skal signerast digitalt ved innsending.

Søknadsfrist 

  • 1. kvartal - 20. april
  • 2. kvartal - 20. juli
  • 3. kvartal - 20. oktober 
  • 4. kvartal - 20. januar 

 

N.B: Søknadsskjema er berre ope dersom straumprisen kjem over 60 øre/kvh i snitt ein månad.

Søknadsskjema for straumtilskot til næringslivet

Kontakt

Ronny Mehus Rugland
E-post
Telefon 95 73 16 67
Mobil 95 73 16 67