Vedlikehald av private vegar
Eig du ein privat veg som er over 250 meter lang? Er vegen open for vanleg ferdsel, og har standard slik at vanlege vedlikehald er tilstrekkeleg for standarden på vegen? Er det fast busetnad i enden av vegen, ut over leige, pakting eller næringsdrift?
Då kan du søkje om tilskot til vedlikehald av vegen din.
Kven kan søkja?
Både grunneigar og etablerte veglag kan søkja. Me betalar ut til grunneigar eller veglaget ein gong per år, du som har søkt tidlegare og fått innvilga tilskot treng ikkje søkja på ny.
Fordeling av tilskot
Kvar veg får tilskot rekna etter veglengd. Vegar over 500m vert vekta med 1,5 pr. meter.
Tilskotssummar under kr.500,- vert ikkje utbetalt.
Kor søkjer du?
Du kan søkja i dette skjemaet.
Hugs å legge ved kart som viser kva veg du søkjer om tilskot for.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 15. april 2024.
Publisert 24.09.2024 23.04