Ope for søknad
Kommunen har satt av tilskotsmidlar for å kunne merke og skilte turstiar, men og elles leggje til rette for gode turar i dei ulike grendene. Hensikta er å stimulera til fysisk aktivitet for fastbuande, men òg for å gi gode tilbod til tilreisande.
Frivillige- og ideelle organisasjonar og stiftingar, velforeiningar, grendeutval og «dugnadsgjengar» kan søkja om tilskot til sitt arbeid.
Slik søkjer du
Du kan søkja via digitalt søknadsskjema.
I søknaden må du beskriva tiltaket med kostnadar og kor tiltaket er tenkt gjennomført.
Søknadsfrist
I løpet av året er det to søknadsfristar.
Søknadsfrist våren 2024 er 05.april.