SkogbrukSkogsvegBygging av skogsveg kan gi deg som skogeigar økonomisk gevinst i form av lågare transportkostnadar under hogst. Samstundes blir det lettare å skjøtta skogen og mindre køyreskader i terreng.Det ligg mykje god info om skogsveg under www.skogkurs.noLandbruksvegforskrifta finn du herMeir info frå landbruksdirektoratet.SkogfondSkogfondet fungerar slik at alle inntekter du får frå skogen, til dømes ved sal av tømmer eller ved, er du pliktig å sette av ein andel på ein eigen skogfondskonto. Pengane som står inne på kontoen kan brukast til å dekke eigenandelen til dei fleste investeringar og tiltak i skogen.Info frå landbruksdepartementet finn du her.Sjå òg infofilm om økonomisk verknad ved bruk av skogfond her.Skogbehandling og tilskotSkogbehandling omfattar alle dei tiltaka som blir gjennomført i skogen i løpet av eit omløp, slik som forynging/planting, ungskogpleie, tynning, gjødsling og hogst. Gjennom skogbehandlinga kan me påverke vekst og utvikling i skogen. Målet er å utføra ein skogskjøtsel som gir god økonomi og ein optimal virkesproduksjon, samstundes som me tar nødvendige omsyn til skogens betydning for klima og miljø.På landbruksdirektoratet kan du lesa meir om skogbruk.Du kan søke kommunen om tilskot til planting, ungskogpleie og gjødsling mm. Trykk her for lenke til søknadsskjema. Publisert 30.09.2024 13.42