Endringar i gjødselforskrifta – treng du godkjenning for å spreie gjødsel på innmarksbeite? - Suldal kommune heimeside

Endringar i gjødselforskrifta – treng du godkjenning for å spreie gjødsel på innmarksbeite?

Det er kome ny forskrift om bruk og lagring av gjødsel. For bønder betyr dette fleire endringar knytte til bruk av innmarksbeite som spreieareal.

For å gjere det enkelt for deg å finne ut kva som gjeld for dine areal, har vi laga ein vegvisar som hjelper deg steg for steg.

Vegvisaren hjelper deg med å finne ut om du:

  • treng godkjenning frå kommunen for å spreie husdyrgjødsel
  • treng løyve for å spreie mineralgjødsel
  • kan halde fram slik du gjer i dag
  • må søke godkjenning

 

Vegvisaren viser berre den informasjonen som er relevant for vala du tek. Slik slepp du å lese gjennom eit langt regelverk.

 

Delvis godkjente beite

Dersom delar av eit beite er godkjent for husdyrgjødsel, men andre areal ikkje, kan du bruke mineralgjødsel utan godkjenning fram til 1.1.2028 dersom det står i gjødslingsplanen for 2023 og 2024.


Gamle godkjenningar

Godkjenningar frå før 2020 kan vere ugyldige etter ny forskrift.
Dersom beita ikkje visast i Temakart Rogaland, ta kontakt med kommunen – me hjelper deg vidare.

 

Treng du hjelp?

Me kan hjelpe med:

  • Spørsmål om forskrifta
  • Kontroll av spreieareal
  • Godkjenning
  • Kart og dokumentasjon

 

For spørsmål kan du kontakte Bygdeutvikling. Kontaktinformasjon står nedst på denne sida. 

Kontakt

Elin Tjordal
E-post
Telefon 99 29 06 04
Mobil 99 29 06 04
Silje Helen Færøy
E-post
Telefon 90 24 02 94
Mobil 90 24 02 94