Løyvet vert gitt for inntil fire år om gongen.
Du kan søkje løyve for:
- alkoholhaldig drikk (over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol
- alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent
- all alkoholhaldig drikk
Kriterie for løyvet
- Løyvesøkjar og personar med vesentleg innverknad på verksemda på ha ulasteleg vandel
- Ha ein styrar og ein stadfortredar
- Styrar og stadfortredar må ha kunnskapsprøva i alkohollova, vere over 20 år og arbeide i verksemda.
Endring i eksisterande løyve
Viss det er endringar på løyvet i perioden må du melde frå til kommunen. Ei endring kan vere endring av styrar, driftskonsept eller eigarforhold. Større endringar kan føre til at du må søkje om nytt løyve. Kontakt Organisasjon- og innbyggarkontakt dersom du treng rettleiing.
Løyvet fell vekk ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel halde fram på tidlegare løyve i inntil tre månadar viss kommunen er informert og det vert søkt om nytt løyve innan 30 dagar etter overdraginga.
Søknad
Her finn du søknaden.
Når me har motteke søknaden vert det henta inn uttale frå politi, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndighetene. Løyvet vert gjeve etter skjønn. Handsamingstida i kommunen er om lag tre månadar og søknaden skal handsamast politisk.
Du har høve til å klage på vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Du kan få rettleiing ved Organisasjon og innbyggarkontakt. Viss kommunen lar vedtaket stå vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren.
Kva kostar det?
Gebyr for skjenkeløyve vert fastsett av Alkholforskifta kapittel 6.
Omsetningsoppgåve for alkohol - skjenkeløyve
Det følgjer av alkoholforskrifta at løyvehavare skal betala ei årleg avgift basert på omsetning frå førre år.
Frist for å levera omsetningsoppgåve: 1.mars
Gå til skjema for omsetningsoppgåve
Lovar, reglar og anna nyttig
Alkohollova
Alkoholforskrifta
Serveringslova