Kontroll av sal- og skjenkeløyver

I Suldal kommune er det NoRoSun Skjenke- og Salskontroll som gjennomfører kontroll av sal- og skjenkeløyver. Det er eit vertskommunesamarbeid der Sauda kommune er vertskommune.

Alle sals- og skjenkestader skal kontrollerast minst ein gong i året. Brot på alkoholforskriftea gir eit bestemt antall prikkar, og når ein sals- eller skjenkestad får meir enn 12 prikkar på ein toårsperiode vert løyvet trukket tilbake i ei veke. Alvorlege brot kan føra til permanent inndragning.

 

Internkontroll

Interkontrollen skal tilpassas verksemdas storleik, art, aktivitet og risiko. Verksemda pliktar å gjennomgå internkontrollen årleg, og dokumentera dette ved kontroll.

Krav til innhald i internkontrollen

  • Alkohollova
  • Alkoholforskifta
  • Lokal alkoholpolitisk handlingsplan
  • Løyve
  • Kunnskapsprøve i alkohollovgjevinga for styrar og stadfortredar
  • Dokumentasjon på opplæring for tilsette
  • Verksemdas organisering - organisasjonskart
  • Rutiner for sal og skjenking av alholhol
  • Skildring av førebyggande tiltak mot avvik og avviksskjema

Les meir

Helsedirektoratet om kontroll og inndragning av sals- og skjenkeløyver - prikktildelingssystem

Alkohollova

Alkoholforskrifta

Turid Vaage
Leiar servicetorg
E-post
Telefon 52 79 22 03
Mobil 414 24 085
Elise Nedrejord
Rådgjevar
E-post
Telefon 52 79 23 20
Martine Førre
Konsulent
E-post
Telefon 52 79 22 22