Salsløyve
Salsløyve for alkoholgruppe 1 vert gjeve til daglegvarebutikkar og bryggeriutsal/skjenkestader med tilvirkingsløyve.
Salstid
Sal og utlevering av alkoholgruppe 1 kan finna stad frå kl.08.00 til kl.20.00 på kvardagar, og til kl.18.00 dagar før søndag og heilagdagar, med unntak av dagen før Kristi himmelfartsdag kor sal kan finna stad fram til kl.20.00.
Sal og utlevering kan ikkje finna stad søn- og heilagdagar, 1. og 17.mai.
Vinmomopolet AS
Salstida for Vinmonopolet vert fastsett av Helse- og omsorgsdepartementet.
Skjenkeløyve
Skjenkeløyve vert gjeve til hoteller og spisestadar som har servering av mat som hovuddel av sitt driftskonsept. Med matservering meinast at staden har eige kjøkken på staden.
Skjenkeløyve vert gjeve til pubar, barar som har skjenking som hovuddel av sitt driftskonsept.
Skjenketid innandørs
Skjenketid for alkoholgruppe 1 og 2 frå kl.08.00 til kl.02.00.
Skjenketid for alkoholgruppe 3 frå kl.13.00 til kl.02.00.
Skjenketid utandørs
Skjenketid utandørs skal opphøyra kl.23.00 i bustadsområde, og kl.01.00 andre stadar.
Skjenkeareal utandørs skal vere eit klart fysisk avgrensa område.
Løyve for tilvirking
Løyve for tilvirking av alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2 vert etter søknad gitt skjenkestadar der utviding av skjenkeløyve til òg omfatta tilvirking er i klar tilknytting til stadens konsept. Løyve gjeld tilvirking for skjenking i eiga verksemd.
Løyveperioden
Løyve til sal og skjenking gjeld som hovudregel for fire år, med opphøyr 30. september året etter at nytt kommunestyre tiltrer. I følge ny alkohollov § 1-6 (gjeldande frå 1. januar 2016) kan løyve vidareførast for ein ny fireårsperiode utan at ny søknad vert sendt inn til kommunen.
Ansvarleg vertskap
Løyvehavare skal gjennomføra kurset «Ansvarleg vertskap» kvart 4.år.
Kontroll med sal og skjenking
Det skal førast effektiv kontroll med sal og skjenking i samsvar med lovverket. Ved overtreding av alkohollova skal kommunen tildele prikkar etter eit system som framgår av alkoholforskrifta kapittel 10.