Grendeutvala
Grendeutvala har ansvar for tilskot til lokale kulturtiltak som skaper aktivitet og styrker det sosiale fellesskapet i nærmiljøet.
Kva kan det søkjast om?
- tilskot til lokale arrangement og aktivitetar
- tilskot til rusfrie arrangement for barn og unge
Føremål
Grendeutvala skal stimulere lag og organisasjonar til å arrangere opne tiltak som:
- styrker fellesskapet i lokalmiljøet
- gir gode og rusfrie møteplassar for ungdom, særleg i helger
Retningslinjer
Alle frivillige lag og organisasjonar kan søkje, til dømes:
- idrettslag
- musikkorps
- velforeiningar
- ungdomsgrupper
Søknaden skal sendast til grendeutvalet i den grenda der tiltaket skal gjennomførast
Søknadar kan sendast fortløpande
Idrettsrådet
Idrettsrådet forvaltar delar av kulturmidlane på vegner av kommunen, med mål om å styrke det lokale idrettsmiljøet.
Kommunen set årlege rammer for ordninga, som kan bli justerte i budsjettbehandlinga.
Rolle og ansvar
Idrettsrådet skal:
- behandle søknadar innanfor tildelt ramme på ein enkel og føreseieleg måte
- føre protokoll over vedtak
- levere kort årleg rapport og rekneskap
Kommunen legg til rette for arbeidet ved å:
- førebu oversikt over søknadar før kvar tildelingsrunde
- tilby standardiserte malar for rapportering og rekneskap
- gi rettleiing ved behov
Kva kan det givast tilskot til?
- driftstilskot til idrettslag -fordelt etter fast fordelingsnøkkel
- kurstilskot - til dømes trenarkurs og leiaropplæring
- reise- og deltakingstilskot - til NM eller tilsvarande meisterskap
Kommunen
Kommunen forvaltar dei tilskotsordningane som krev:
- sentral handsaming
- større økonomisk ansvar
- formelle prosessar
- heilskapleg prioritering på tvers av grender og sektorar
Kva tildeler kommunen tilskot til?
- forsamlingshus
- nærmiljøtiltak
- større arrangement og prosjekt
- spelemiddelprosjekt
- driftstilskot
- kurstilskot
- arrangementstilskot
- underskotsgaranti