Alle som nyttar motorbåt, vasskuter, helikopter, småfly eller motorkøyretøy som snøskuter, ATV, gravemaskin, traktor, bil, motorsykkel eller el-syklar i utmark, bør kjenne til reglane for motorferdsel i utmark og vassdrag.
Politi, redningsteneste og skog- og landbruksnæringa er unntatt forbodet mot motorferdsel. Godkjent byggeløyve gir og rett til transport av utstyr, materiale og arbeidsfolk i inntil 2 år på snødekt mark. Ferdsel til andre føremål krev at du får løyve frå kommunen. Eit godt alternativ er ofte å nytte seg av leigekøyrar i det aktuelle området.
Leigekøyrarar har løyve til å ta på seg transportoppdrag med snøskuter som omtalt i motorferdselforskrifta §5a. Leigekøyringsløyva vert tildelt kvart 4. år etter politisk handsaming.
Søknaden må gjelde:
- eit av føremåla det kan søkjast om dispensasjon for
- eller eit særleg behov som ikkje kan løysast på anna måte, og som ikkje knytter seg til turkøyring
Søknaden må vere skrifteleg og grunngjeve.
Søknadsskjema for motorferdsel i utmark
For søknad om køyring på barmark eller snødekt mark må det leggast ved kart med innteikna køyretrase eller område. Ved søknad om helikopterlanding må landingsplass vere innteikna på kart.
Søknad om motorferdsel i eit verneområde skal handsamast etter to regelverk; verneforskrifta og motorferdsellova.
Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR) handsamar søknader om køyring i Kvanndalen- og Dyraheio landskapsvernområde og Holmevassåno biotopvernområde. Suldal kommune handsamar søknader om løyve i naturreservata i kommunen.
Søknader om dispensasjon frå verneforskrifta vert automatisk sendt vidare til kommunen for handsaming etter motorferdsellova.
Uavhengig av motorferdselregelverket kan den enkelte grunneigar forby motorferdsel i utmark. Unntaket er redningsteneste og politi. Det betyr at sjølv om du har motorferdselløyve frå kommunen, må du uansett innhente løyve frå grunneigar i tillegg.