Kulturminne og kulturlandskap

Suldal har ein særleg rik kulturarv å forvalta i alle dei spora som finst att frå tidlegare tider. 

Utvalde kulturlandskap – UKL  

I Noreg er det valt ut eit utval særprega jordbrukslandskap der naturmangfald, kulturhistorie og jordbruksdrift blir teke vare på gjennom tradisjonelle bruksmåtar og vår tids bygdeliv. Eit av dei utvalde kulturlandskapa rommar i Suldal grendene Hamrabø, Klungtveit og Mokleiv.  I områda er det merka stiar som er brukt gjennom generasjonar, frå garden opp til støls og mellom dei mange stølane.

Ordninga med Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) vart etablert i 2009 gjennom eit samarbeid mellom landbruks-, og miljømyndigheitar, Riksantikvar og grunneigarar. Det var pr. 2022 49 område som er valde ut som Utvalde kulturlandskap nasjonalt. Suldal kommune fekk sin UKL- status i 2018.

Les meir om Suldal UKL 

Utvalde kulturlandskap er sentrale i kulturhistoria vår. Dei representerer kvar for seg og samla heilt unikt og svært verdifullt biologisk mangfald og kulturminne. Målet med satsinga er å sikre desse verdiane gjennom aktiv drift med istandsetting og skjøtsel av natur- og kulturverdiar. 

Ein kan søkja om tilskot til tiltak i Utvalde Kulturlandskap

Kulturminneplan

"Kulturminneplan for Suldal" blei vedtatt i juni 2018. Forutan å vera eit oversyn over kulturminne og kulturarv i kommunen, skal planen også vera eit styringsdokument som kan nyttast i saker til administrativ og politisk behandling, t.d. i byggesaker, tiltak i landbruket og til prioritering av søknader om tilskot til å ta vare på kulturminne. 

Kontakt

Torill Telstad
E-post
Telefon 99 40 34 39
Mobil 99 40 34 39