Suldal kommune ønskjer med dette å informere om gjeldande regelverk for bruk av termiske og restlysforsterkande siktemidlar til jakt.
Viltressurslova tredde i kraft 1. juli 2026 og denne forbyr bruk av termiske siktemiddel til jakt. Utøvelsesforskrifta opnar for enkelte unntak, mellom anna ved jakt på hjort i ope terreng om kommunen har opna for dette gjennom lokal forskrift, og berre når føremålet er å avverje skade på natur- eller samfunnsinteresser som følgje av høg bestandstettleik.
Per i dag har ikkje Suldal kommune fastsett lokal forskrift som opnar for bruk av restlysforsterkande eller termiske siktemiddel ved jakt på hjort. Slike siktemiddel kan difor ikkje nyttast under ordinær hjortejakt i kommunen.
Arbeidet med ei eventuell lokal forskrift er planlagt starta med ei sak til LMT-utvalet i september, der det skal takast stilling til om eit forslag til forskrift skal sendast på høyring. Deretter vil det følgje ei høyringsperiode før saka kjem tilbake til politisk behandling. Ei eventuell forskrift kan tidlegast tre i kraft etter dette.
Me ber alle vald og jaktrettshavarar om å rette seg etter gjeldande regelverk inntil vidare.