Viltforvaltning

Grunna den store variasjonen i naturforholda har me i Suldal eit stort spenn av viltartar. Alle dei fire hjortedyra har livskraftige bestandar. Fleire viltartar er oppført på raudlista og treng spesiell merksemd. Etter viltlova skal viltet og leveområda forvaltast slik at naturen sin produktivitet og artsrikdom vert bevart. Det er innanfor denne ramma viltproduksjonen kan haustast til gode for landbruksnæring og friluftsliv. For å meistre denne forvaltningsoppgåva er det naudsynt med kunnskap om artane, leveområda, trusselbilete og bestandsutvikling. 
 

Suldal Fjellstyre

Suldal fjellstyre består av 5 medlemmer og desse er valde av kommunestyret. Fjellstyret forvaltar Suldal statsallmenning med eit areal på om lag 92 000 dekar. Hovudparten av allmenningen ligg på over 1000 moh nord for Blåsjø pluss at det er ein liten del i Breifonnområdet. I allmenningen sel og  forvaltar fjellstyret jakt på reinsdyr og småvilt, fiske og i tillegg disponerer dei 4 hytter. Hyttene kan leigast i samband med jakt, fiske og friluftsliv og dei ligg i Breiavad, Steinkilen, Grotdalen. Til dei to sistnemnte er det også robåt som kan nyttast. 

Viltforvaltning

Kontakt

Jarle Lunde
E-post
Telefon 40 41 89 67
Mobil 40 41 89 67
Turi Ottersland Tjøstheim
E-post
Telefon 98 68 31 04
Mobil 98 68 31 04