Villrein

Villrein er ein ansvarsart for Norge. Me forvaltar dei siste livskraftige bestandane av den opphavelege ville fjellreinen i Europa. 

Villrein Jarle Lunde/Suldal Foto

Det er villrein i store delar av fjellområda i kommunen. Desse områda inngår i villreinområda i Setesdal Ryfylke og i Skaulenområdet.  

Setesdal Ryfylke villreinområde er eit nasjonalt villreinområde. Området er til dårleg kvalitet etter kvalitetsnorm for villrein og dermed ikkje godkjend. Det skal derfor gjennomførast tiltak for å betre situasjonen. Årsaka til at villreinområde ikkje tilfredsstillar måla i kvalitetsnorma er samansett, men sentralt er at vegar og vasskraftutbygging i kombinasjon med ferdsel i utsette områder, har stor negativ effekt på villreinens vandringsmoglegheiter.  

Det er generelt auka fokus på arealforvaltning som ein viktig strategi for å ta vare på villreinen som art på lang sikt. I kommuneplanen sin arealdel er det lagt inn omsynssone for villrein. 

Les meir om Setesdal Ryfylke villreinområde 


Les meir om Skaulen Etnefjell villreinområde 

 

Villreinnemnda og bestandsforvaltning

På oppdrag frå Statsforvaltaren i Agder har Suldal kommune sekretariat for Villreinnemnda for Setesdalsområdet. Den statlege nemnda består av 18 politisk valde medlemmer frå kommunane med areal i Setesdal Ryfylke, Setesdal Austhei og Våmur Roan villreinområde.  

Villreinnemnda sine oppgåver er mellom anna å godkjenne vald, teljande areal, bestandsplanar og fastsetje årlege fellingskvotar.  Nemnda deltek også i arealforvaltninga i fylke og kommunar med sikte på bevaring og berekraftig forvaltning av villreinen sine leveområde. Ein kan seie at villreinnemnda både er villreinen sin myndigheitsutøvar og villreinen sitt talerøyr.

Kontakt