Det interkommunale hjorteviltutvalet
Tellinga går i regi av Det interkommunale hjorteviltutvalet, eit samarbeidsorgan for hjorteviltforvaltning, der kommunane Vindafjord, Etne, Sveio, Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær, Suldal og Sauda er med.
Bil og lyskastarar
Det blir talt hjort langs faste ruter som er like frå år til år. Dette blir gjort på seks bestemte datoar og til bestemt tid på døgnet.
I tellinga blir det nytta bil og lyskastarar. Det kan difor vera at du kjem til å sjå dei på kveldstid, då dei vil lysa ut på ekrene frå vegen.