Vårtelling og sett hjort

Vårtelling av hjort på innmark gir eit bilete på den relative bestandsstorleiken om våren, og kan seia noko om bestandsutviklinga over tid.

Det interkommunale hjorteviltutvalet

Tellinga går i regi av Det interkommunale hjorteviltutvalet, eit samarbeidsorgan for hjorteviltforvaltning.

Bil og lyskastarar

Det blir talt hjort langs faste ruter som er like frå år til år. Dette blir gjort på seks bestemte datoar og til bestemt tid på døgnet. 

I tellinga blir det nytta bil og lyskastarar. Det kan difor vera at du kjem til å sjå dei på kveldstid, då dei vil lysa ut på ekrene frå vegen. 

 

Sett hjort

Jegerane sine observasjonar er eit av dei viktigaste bidraga til kartlegging av hjortebestanden si utvikling og forvaltning av hjortevilt. Innsamling og systematisering av jegerobservasjonar skjer på Hjorteviltregisteret.no, eller på appen Sett og skutt.

Last ned appen Sett og skutt

Sett hjort-data og slaktevekter kan du registrera digitalt på appen Sett og skutt. Denne løysinga er tilpassa både PC, nettbrett og smarttelefon.

Data må godkjennast i hjorteviltregisteret før dei vert tilgjengelege i statistikken. Valdleiar kan få tilgong til godkjenning av registrerte data i hjorteviltregisteret.

Digitalt registrerte data vert tilgjengelege på hjorteviltregisteret.no så snart dei er godkjende av valdleiar eller kommunen. 

I hjorteviltregisteret finn du Sett hjort- data og slaktevekter frå 2008.

Kontakt

Turi Ottersland Tjøstheim
E-post
Telefon 98 68 31 04
Mobil 98 68 31 04